Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal sikra at Jondal kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Oppdatering av arkivplanen Oppdatering av arkivplanen skal skje når: •ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel •det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel •ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon •kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta •det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval •det blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement •kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når •det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel •det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk, og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet. Rådmannen har arkivansvaret I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Jondal kommune oppmodar eg alle medarbeidarar til å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen. Jondal kommune 2014 rådmann |