Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan.

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap for alle tilsette i Jondal kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finna informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysningar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplan vert oppdatert med jamne mellomrom. Det vert sendt ut melding når ein revisjon/ ei korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal ein ta kontakt med arkivleiar. Arkivleiar kan kontaktas på telefon 53 66 95 09 eller på  e-post post@jondal.kommune.no

Kommunen sin  arkivleiar vil ha det daglege ansvar for å følgja opp arkivplanen sine  bestemmelser i høve  til alle einingar i kommunen.

Laster...