Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

 

Organisering av arkivtenesta

Arkivtenesta i Jondal kommune er organisert med eit felles postmottak / sentralarkiv for alle einingar i kommunen.Tenesta er plassert på kommunehuset.Kommunen sitt fjernarkiv er plassert i eldfastbygget i Vik.

Alle arkiv  i Jondal kommune, er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemiddel i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

Med tida vert sakshandsaminga og arkiva i Jondal kommune full-elektroniske. Då vert det dei elektronisk produserte og lagra dokumenta, dei originale og gyldige versjonane.

Arkivdelane er :

Saksarkiv (SAK), personalarkiv (PERS), elevarkiv (ELEV), møte (MØTE), bygg-, dele-, oppmålings- og landbrukssaker (GBNR),),

Arkivet er papirbaserte sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemiddel i sakshandsaminga og til arkivering.

Arkivskaparar i Jondal l kommune er sentraladministrasjonen og alle tenesteområda.

Arkivleiar skal kvalitetssikre arkivet etter reglar for  arkiv. Tenesteområda med papirarkiv skal kvalitetssikre og ordne arkiva etter gjeldande lover og forskrifter.

 

Arkivskaparar i Jondal kommune

Følgjande arkivskaparar skal byggja opp og halda ved like arkivseriar i kommunen;

  • Sentralarkiv/saksarkiv for heile kommunen.
  • Gnr/bnr-arkiv for plan, bygg-, dele-, oppmålings- og landbrukssaker
  • Personalarkiv
  • Møtebøker
  • Klientarkiv Psykisk helse
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Jondal skule
  • Jondal barnehage
  • Bufellesskapet Vik

 

Alle arkivskaparane skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...